January, 17

Velkommen på åpning fredag 20. jan kl 19.00 – 21.00
Installasjonen er åpen torsdag – søndag kl 12.00-17.00, fra den 20.jan – 5. feb.

Screen Shot 2017-01-17 at 17.21.25Screen Shot 2017-01-17 at 18.33.03

For stadig å bli er eit korverk  for 15 åtskilte stemmer og omhandlar
lytting og avstand. Verket i Lydgalleriet baserar seg på opptak frå ein konsert i Bergen bibliotek, der songarar i koret Gneis framførte for stadig å bli for eit vandrande publikum.

Stykket utforskar grensene for sansing (lytting), respons og samhandling utstrekt i tid og rom. Songarane høyrde berre ein eller to av dei andre i framføringa, songen vandra slik mellom dei som ein forsinka impuls, skubba vidare med ørsmå endringar. På konserten gjorde avstandane at stemmene vart skyvde ut av likevekt, så det vanlegvis synkrone koret vart i ubalanse. Ei og ei stemme song, nesten isolert, sin del av partituret, med vissa om at dette var songaren si individuelle stemme. For at stykket skulle fungera måtte kvar songar anstrengja seg hardt for høyre kva som kom frå dei andre. Installasjonen set opp alle dei 15 stemmene i koret i et mykje meir kompakt rom, der 15 høgtalarar sender kvar si stemme. I biblioteket kunne ingen høyre heile verket, på Lydgalleriet er sjansen større, men stemmene vil ikkje kunne høyrast likt, samstundes. Alt avheng av kor du står.

Kunstnerisk ide og konsept: Sissel Lillebostad.
Komponist: Knut Vaage
Lyddesign: Thorolf Thuestad
Lydmateriale: opptak av kammerkoret Gneis under leiing av Tore Kloster.

Songarar:
Alt:
Ann-Kristin Bjerknes
Eileen S. Dalland
Tordis Marie Espeland
Irene Brendehaug
Neva Seraphaite

Sopran:
Kirsten Møen Thorseth
Elise Thue Øyen
Ljuba Popa
Camilla Holm Birkeland

Tenor:
Vincent Stephen
Øystein Aadland
Anders Rosseland
Bass:
Petter Wiken Dahl
Axel Fjeld

Prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd, Bergen Kommune og BEK ( Bergen Senter for Elektronisk Kunst).